Infomøte med Frifond på Metropolis! Torsdag 26. januar kl. 18.00 - Metropolis
Frifond

Infomøte med Frifond på Metropolis! Torsdag 26. januar kl. 18.00

Er du ung, blakk og kreativ?
Torsdag 26. januar blir det informasjonsmøte med Frifond på Metropolis. Vi ynskjer alle på ungdomsskulen og vidaregåande velkomne.

Frifond er ei støtteordning som gjev midlar til barn og unge sin lokale og frivillige aktivitet. Har du feks lyst til å spele i band, lage festival, bygge gapahuk, sette opp teater, arrangere kurs, danse, lage film eller arrangere LAN, så bør du ikkje gå glipp av dette møtet.

Frifond informerar om støtteordninga, kva ein kan få støtte til og korleis ein skriv søknandar. Ein kan stille spørsmål undervegs. Frifond spanderar gratis pizza og brus.

Meld deg gjerne på her, så veit vi kor mykje pizza vi treng:)

FB: https://www.facebook.com/events/727820540716304/